«Åsmund Fregdagjeva», ein forteljarkonsert om heltar og skurkar

Om heltar og skurkar frå norrøn tid.

  • Ingebjørg Lognvik Reinholdt. (Foto/Photo)
    1/1
    Ingebjørg Lognvik Reinholdt.

Kvifor blir vi så fascinert av helteforteljingane? Kva er det som gjer at så langt tilbake vi veit, har vi elska historiar om dei som tør å gå inn i det ukjende, som blandar mot og kløkt og kjemper mot noko mørkt og mektig for å vinne stort? 


Aasmund Fregdegjeva(«den som gir mot») er ei av desse historiane. Mellomalderballaden har trekk heilt tilbake til norrøn mytologi, og er skrive ned i heile 63 vers. Der folkesongarar flest kuttar historia ned til ein brøkdel for å få songen inn i ein vanleg konsertsetting, har Ingebjørg Lognvik Reinholdt lyst å fortelje deg heile den dramatiske historia med alle sine karakterar, magi og tvistar.

Ingebjørg blandar forteljarkunst og kvedarkunst i denne soloforestillinga, der ho tek deg med inn i ei anna tid, med helten som seglar over havet for å redde jomfrua og kjempe mot gygrer og all slags magiske skapningar. 

Forteljinga blir fortald syngjande. Levande bilete i bakgrunnen er med å skape stemning. Du får vere med på Aasmund si reise ut på havet, inn i Trollebotn, møtet med den fryktelige Skomegygri og korleis det heile går. Forteljinga er ramma inn av musikalske tema henta frå den herlige tradisjonsmusikken vår. 

Du får også eit program med ei lita innføring i mellomalderballaden, som du kan ta med deg heim. 

Forestillinga er støtta av: Norsk Kulturfond, FFUK, Creos Vederlagsfond.

Pris kr 100,-. Betales ved ankomst.

Velkommen til Slottsfjellsmuseet!