- 1/1
Eldar Heide. professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet.
Eldar Heide gav nyleg ut den vitskaplege boka Pre-Christian hǫrgr: passages through barriers på Universitetsforlaget. Boka undersøker kva ein horg var – ein type førkristen germansk kultstad – med utgangspunkt i stadnamn.
I over 100 år har det rådande synet vore at horg tyder ‘røys’, ‘knaus’ eller ‘fjell’, og at slike stader utvikla seg frå offerplassar til kultbygningar. Arkeologisk praksis har ofte peika på røysar som horgar. Heide viser at dette synet har svakt kjeldegrunnlag. Norrøne og gammalsvenske ordbøker definerer horg som ‘steinrøys, varde’, men tekstane frå Norden, Tyskland og England støttar ikkje dette. Etymologien har enda i sirkelresonnement.
staden undersøker Heide landskapet rundt gamle horg-namn. Dei fleste ligg ved naturlege passasjar gjennom barrierar – som fjell, skog, skjergard, morene (t.d. Horgen ved Mjøndalen og ved Fredrikstad). Nokre få stader har menneskeskapte strukturar som etterliknar slike landskapsformer, som steinringar (t.d. Horgen ved Tønsberg), og kan representere ein overgang til horg som bygning. Heide dreg fram parallellar til at slike passasjar har fått ei kultisk side. Til dømes ligg mange offerstader ved slike punkt i samisk tradisjon.
Eldar Heide er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Han er doktor i norrøn filologi (2006), har mellomfag og tre feltsesongar som arkeolog og har publisert breitt innanfor nordisk språk og kulturhistorie. Sidan 2022 har han drive podkasten Tru og meining i gammal tid, https://pod.link/1635409693.
Praktisk Info
Foredraget starter kl 1800 og arrangeres i samarbeid med Midgard Vikingsenters Venneforening.
Inngang til foredraget er inkludert i ordinær museumsbillett.
- 1/2
Horgheim i Romsdalen, med gravfeltet på den tronge passasjen mellom Romsdalshornet og elva. - 2/2
Steinringen ved Horgen ved Tønsberg.